Yngvar-og-Liv
Fitcamp

Fitcamp

Intervju med Yngvar Andersen og Liv Loftesnes

Yngvar Andersen har vært en del av FitCamps instruktørteam siden oppstarten i 2012. I forbindelse med at han og kona Liv Loftesnes kommer med ny bok, har vi tatt en prat med dem om både bokslipp og litt andre ting.

Du har gitt ut mange bøker før, Yngvar – også med Liv. Hvordan er det å skrive bok med en person som står deg så nær?
Eg har faktisk ikkje gitt ut bok utan Liv. Alle tre bøkene eg har skreve, har ho ført i pennen. Eg skriv mitt og Liv ryddar – meir eller mindre – opp i teksten. Litt mindre språkrydding for ho no enn for ti år sidan. Positiv utvikling. Eg er veldig glad i å kunne gjere ein del av jobben min heiman ifrå. Slik sett er det å skrive bøker med kona midt i blinken. Vi er ikkje alltid einige om alt, men det er få høglytte diskusjonar eller stortrøbbel.

«De beste tingene i livet er ikke ting» Hva var det som gjorde at dere endte opp med denne tittelen, Liv? 

Det var fordi det er dette hele mer med mindre-prosjektet vårt handler om. Å holde fokus på hva som gir livet mening og hverdagen god. Når alt kommer til alt betyr ikke de fysiske gjenstandene vi omringer oss med så mye. De må være til glede eller til nytte for oss – ellers er det på tide å ta farvel.

Dere har gitt bort, solgt og kastet halvparten av tingene deres det siste året. Hva var det vanskeligste å kvitte seg med?
Eg (Yngvar) hadde størst problem med å la dyre feilkjøp få fart på seg ut av heimen. Gjennombrotet kom med det verste feilkjøpet eg har gjort. Første sommaren med hus og hage, for seks år sidan, meinte eg det var på sin plass med ein fantastisk grill. Veldig pussig tanke sidan ingen av oss lika grillmat. Det hjalp ikkje på med Hellstrøm pellets grill til 20 tusen heller. Den vart knapt brukt, men var veldig fin og skinnande. Då eg endeleg klarte å snu skammen over å ha gjort noko så dumt, til å tenke at alt vi kan få for den over null kroner, er bedre enn at den flotte grillen står ubrukt. Den vart solgt til eit grillelskande par for seks tusen kroner. Altså eit voldsomt verdifall, men seks tusen meir enn kroner null. Etter dette vart den samme tankegangen brukt om andre liknande, men mindre dramatiske feilkjøp. Alt anna har vore lett for meg. For Liv har det vore tøffe tak med med ein del arvegods og heimelaga ting som ikkje vart brukt. Ho kom over det med å snu på forholdet. Vil eg ønske at andre skal bruke eller beholde noko dei ikkje likar for min del? Svaret vart – nei.

Hvordan har denne prosessen vært for ungene?
Ungane har verkeleg vore med og i periodar også pådrivarar. Dei oppdaga veldig raskt at det vart mykje lettare for dei og for oss å holde orden i huset. Dei opplevde at vi som foreldre var meir med på leik og moro. Dette uttrykte dei med reine ord og ga oss vann på mølla. Mellomste jenta på fem har også direkte hindra meg i frå feilkjøp i perioden. ”Er du heeeelt sikker, pappa?” Eit par gonger har eg latt vere å kjøpe noko eg var sikker på at eg trengte. Eit par andre gonger har eg hatt gode nok svar til at eg fekk aksept for å gå videre. Det betyr då at vi ikkje har slutta å kjøpe ting. Vi berre tenker oss veldig mykje grundigare om enn før og vi pusher kvarandre på om det er ein riktig vurdering.

Hva vil dere si er det aller beste med å eie mindre å ha færre ting rundt seg?
Kort og godt: Mykje meir tid til det vi set mest pris på livet. Konkret for oss har det vore å veksla rote- og ryddetid inn i meir samvær og meir leik med ungane, fleire opplevelsar, ein god del meir trening og i snitt, noko meir søvn.

Blir det foredragsturne framover?
Eg har jo holdt på med foredrag rundt omkring i mange år no. Det skal eg fortsette med. Men Liv og eg har også fått ein del oppdrag i sammen med ”meir med mindre prosjektet vårt”.

Fra bok til treningsvaner, Liv. Vi har jo vært vant med å følge Yngvar som treningsentusiast i en årrekke. Er du like gira som han – og hva slags trening foretrekker du i hverdagen?
Jeg liker enkel, effektiv trening som kan gjøres hvor som helst, når som helst, og gjerne på stuegulvet. Morgengym, en kjapp styrkeøkt eller roing og mageøvelser med Yngvar foran nyhetene om kvelden. Jeg er også veldig glad i løping og yoga – og jeg er, etter hvert langrenn, til Yngvars store glede.

Yngvar, mange husker deg godt fra programmet NRK – Puls. Og livsstilsserien «To buksestørrelser ned» ble jo en megasuksess med nærmere 1 000 0000 seere! Får vi se deg på TV – skjermen igjen med det første? 
Eg stiller opp på det meste som er hyggeleg og det blir litt inni mellom, men ingen ”buksestørrelse”-serie planar per akkurat no. Men Liv og eg har gjort noko nytt og stort for oss, nemlig starta blogg: livogyngvar.no. Det blir det kvardagsmat, trening, sunn livsstil og ellers aktuelle tema som måtte dukke opp.

15 – 17 juni arrangerer vi for 3 år på rad JenteWeekend med Yngvar på Geilo.

Share this post

Share on facebook
Share on google
Share on twitter
Share on linkedin
Share on pinterest
Share on print
Share on email